Junior i profil!
Alle som ventar småungar blir jo litt tussete, og særlig mannfolka blir jo ofte litt sentimentale, ja nesten feminine.
Eg kjem herved med mitt bidrag til koseplutteduttesnakkinga, og slenger ut eit bilete av det som skal koma om fire og ein halv månad:
Dersom du er som meg, og ikkje skjønnar bæret av kva dette skal forestille, kan eg forklare at det er altså Junior som ligg på ryggen med nasen i sky. Eg meiner bestemt at han liknar mest på far sin. Iallefall om ein ser på størrelsen på skallen...
Jaja, Junior veks altså for kvar dag, og sparkar og herjar med mor si. Skal bli stas når han kjem ut til oss og eg kan begynne å trene han opp på telemarkski og denslags. Må vel kanskje vente til neste vinter med å handle skiutstyr?!?
Ok, ha ein fin dag alle saman!
P.S. Det er til nå to "faste" leserar som er med i trekninga om ein spennande premie!
Wow! For et klart bilde! Du skal vere passe dum for aa ikkje se at dette er ein baby. Det blir saa spennande aa helse paa han i april/mai! Klem
Så kjekt å se bilde!! :) Utroligt spennande. Lenge si eg har sitt dåkk. Håbe alt e bra me adle tri nå!
Jeg følger fortsatt med! Rykker jeg forbi anders snart??
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5593305