Nokon der ute??

Hei!
Ja, no er det jo uendelig lenge sidan sist det har skjedd noko her på bloggen. Vil vel ikkje tru at nokon lenger tek turen innom her, men dersom det likevel skulle hende, kan du legge igjen ein kommentar på dette innlegget og vinne ein premie! Alle som er innom i løpet av dei neste 14 dagane og legg att ein kommentar er med i trekninga ;)

Nok slibrige PR-triks for denne gong.
Her i huset har det skjedd eindel sidan sist!
For det første har Elise fått litt mage, og etter mykje om og men viser det seg at me kan forvente å få ein liten son i byrjinga av april!

JIPPI!!!

Har jo ofte høyrt beskrivelsar av at gravide kvinner får ein eigen glans i augene og ny energi i livet sitt. Desse mytene kan eg avkrefte med ein gong. Sannheten er heller at gravide Elise blei kvalm.
Veldig kvalm.
Veldig veldig  kvalm.
Veldig veldig lenge.
Faktisk så lenge at ho har vore sjukemeldt i snart fire månader, og ho har også måtta finne seg i ein tur innom sjukehuset for å få livsviktig ernæring, stakkar. Men ho har vore fantastisk sterk, og har stort sett klart å halde humøret sjølv om ho til tider har vore fullstendig pleietrengande. Nå gler me oss over stadig betring i formen og stadig større mage, og ser fram til det som skal komme til våren.
Ellers har me kjøpt oss ny bil, som skal gjere nytta som pakkesel for familien Foldøy dei neste åra:

image184

Ja, valget falt altså på ein bmw 318 i stasjonsvogn frå 1996. Veldig fin bil, som iallefall mannen i huset ser fram til å ta i bruk :)

Ellers har me også opplevd noko trist sidan sist. Vår kjære Pus (Hjørdis) måtte bøte med livet for ein drøy månad sidan. Ho svelgde ein sytråd som sette seg fast både rundt tunga og tarmane, og dyrlegen måtte avlive ho. Me savnar ho veldig, men har og mange artige minne, som de ser på denne sida, blant anna.

Kan også opplyse om at me mest sannsynleg havnar på Sørlandet neste år! Det trur eg blir stas. Satsar på å finne eit hus litt utanfor Kristiansand ein eller annan plass. Me får sjå...

Ok, kjem ikkje på meir i denne omgang, men me får sjå seinare.
God haust til alle saman! Nå er det snart jul att!!

Kommentarer:
Postet av: hanna

JEG SVIVER INNOM BLOGGEN DIN CA EN GANG I KVARTALET!! =) så det var stas med oppdatert blogg! Kanskje jeg kan vinne elgetaco?? ;)

22.nov.2007 @ 23:53
Postet av: Anders

Takk

23.nov.2007 @ 10:59
Postet av: Svein

Ojojoj!! Dette var jo respons over all forventning!!
Gratulerer, de er begge to med i trekninga om ein fantastisk premie :)
Ajajaj, dette kan bli spennande....

23.nov.2007 @ 15:31
URL: http://sv1is.weblogg.no
Postet av: Elisabeth frå Kviteseid

Eg kom inn på sida di via andre sine bloggar og måtte då nesten skrive ein kommentar sidan det er konkurranse... Men eg må og nytte anledninga til å gratulerer så mykje med den komande familieforøkelsen!! Så kjekt å høyre!
Håpar det går godt med mor, far og barn :)

23.nov.2007 @ 18:53
Postet av: Paul

Plassen din på lesesalen står tom...! Det vil si, det gjør de fleste andre og! Men fin bil, så du har en god unnskyldning der:)

24.nov.2007 @ 15:50

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5592690
hits