imageupload60773608

Junior i profil!
Alle som ventar småungar blir jo litt tussete, og særlig mannfolka blir jo ofte litt sentimentale, ja nesten feminine.
Eg kjem herved med mitt bidrag til koseplutteduttesnakkinga, og slenger ut eit bilete av det som skal koma om fire og ein halv månad:
Dersom du er som meg, og ikkje skjønnar bæret av kva dette skal forestille, kan eg forklare at det er altså Junior som ligg på ryggen med nasen i sky. Eg meiner bestemt at han liknar mest på far sin. Iallefall om ein ser på størrelsen på skallen...
Jaja, Junior veks altså for kvar dag, og sparkar og herjar med mor si. Skal bli stas når han kjem ut til oss og eg kan begynne å trene han opp på telemarkski og denslags. Må vel kanskje vente til neste vinter med å handle skiutstyr?!?
Ok, ha ein fin dag alle saman!
P.S. Det er til nå to "faste" leserar som er med i trekninga om ein spennande premie!
Nokon der ute??
Ja, no er det jo uendelig lenge sidan sist det har skjedd noko her på bloggen. Vil vel ikkje tru at nokon lenger tek turen innom her, men dersom det likevel skulle hende, kan du legge igjen ein kommentar på dette innlegget og vinne ein premie! Alle som er innom i løpet av dei neste 14 dagane og legg att ein kommentar er med i trekninga ;)
Nok slibrige PR-triks for denne gong.
Her i huset har det skjedd eindel sidan sist!
For det første har Elise fått litt mage, og etter mykje om og men viser det seg at me kan forvente å få ein liten son i byrjinga av april!
JIPPI!!!
Har jo ofte høyrt beskrivelsar av at gravide kvinner får ein eigen glans i augene og ny energi i livet sitt. Desse mytene kan eg avkrefte med ein gong. Sannheten er heller at gravide Elise blei kvalm.
Veldig kvalm.
Veldig veldig kvalm.
Veldig veldig lenge.
Faktisk så lenge at ho har vore sjukemeldt i snart fire månader, og ho har også måtta finne seg i ein tur innom sjukehuset for å få livsviktig ernæring, stakkar. Men ho har vore fantastisk sterk, og har stort sett klart å halde humøret sjølv om ho til tider har vore fullstendig pleietrengande. Nå gler me oss over stadig betring i formen og stadig større mage, og ser fram til det som skal komme til våren.
Ellers har me kjøpt oss ny bil, som skal gjere nytta som pakkesel for familien Foldøy dei neste åra:

Ja, valget falt altså på ein bmw 318 i stasjonsvogn frå 1996. Veldig fin bil, som iallefall mannen i huset ser fram til å ta i bruk :)
Ellers har me også opplevd noko trist sidan sist. Vår kjære Pus (Hjørdis) måtte bøte med livet for ein drøy månad sidan. Ho svelgde ein sytråd som sette seg fast både rundt tunga og tarmane, og dyrlegen måtte avlive ho. Me savnar ho veldig, men har og mange artige minne, som de ser på denne sida, blant anna.
Kan også opplyse om at me mest sannsynleg havnar på Sørlandet neste år! Det trur eg blir stas. Satsar på å finne eit hus litt utanfor Kristiansand ein eller annan plass. Me får sjå...
Ok, kjem ikkje på meir i denne omgang, men me får sjå seinare.
God haust til alle saman! Nå er det snart jul att!!
Fellesferie!
"Ny" sykkel!
Jada, etter maaange timar på nettet, fann eg til slutt sykkelen som var perfekt for meg og lommeboka mi. Valget falt på ein 1992 Honda VFR 750. En utruleg slitesterk sak som forhåpentleg vil gi meg og pappa mange gode opplevingar. Mange hakk meir moderne enn min forrige jernhest, og litt finare og, spør du meg.

Enkel svingarm bak er digg! Sykkelen ser litt falma ut på desse bileta, men det skyldas kameraet på mobilen til han eg kjøpte den av.

På jomfruturen sammen med Chris. Ein pust i bakken ved Steane:

Cowboyfest i Drangedal!
Sommarens store happening i dei djupe skogar i Telemark. Else Christine inviterte tradisjonen tru til svær fest på Oseid Gård, med live-band og skikkeleg western-feeling.

Cowboyen og gullgravaren...

Ruben og Elisabeth!

Ole er ekte cowboy og viste kva som skal til for å vere mann i Drangedal:


Howdy partner!

Bra opplegg på låven! Legg merke til motorsagene som heng frå taket, og skogsmaskina som stod og blinka heile kvelden!

TT-band sørga for at det blei linedance både på dansegolvet og på bardisken.

Grillings på låvebrua:

Ruben og Chris.

Kollektiv transport cowboy-style:

Tur til Kviteseid.
Det har jo ikkje akkurat vore nedbørsmangel denne sommaren, og det såg me godt langs drammenselva. På biletet under skulle det eigentleg vore ein veg nede ved elva, man no var det berre toppane på bjørketrea som stakk opp over vatnet.

Pus sjekkar utsikten:

Traff endeleg Johan med familie. Kjekt å sjå jentene att!


Pus:
Hæ? Tolv meter ned til asfalten seier du? No stress....

Pus blei med på hytta og ville helst ikkje heim igjen:

Freedom!!

Åja, er det dette dei lange klørne er til? Eg som trudde dei var til for å ta livet av sofaen??!

Puh! Det var det for denne gong!
Nå er det berre ei veke att til eg får fri! Då blir det mc rundt om i Sør-Noreg. Gi beskjed om du vil ha besøk.
Diverse bilder frå mobilen.
I og med at digitalkameraet vårt tok kvelden rett før me reiste til Filippinene, slenger eg ut nokre bilder som Elise og eg har tatt i det siste med mobiltelefon. Funkar jo det og....
Meg og kona på veg til Kviteseid i høst. Fint med motorsykkel! Savner det allerede...

Det er litt vanskeleg å sjå, men her ligg katta og slappar av på fanget mitt på veg til Kviteseid tidligare i vår. Veldig kos å ha selskap i bilen, når kona stort sett sovnar etter eit kvarter når me er på biltur...

Heldigvis treng ho ikkje ligge på fanget heile tida. Reiseburet er også heilt ok så lenge ho kan sitte og følge med på kva som skjer framover.

Meg og kjeringi på tur til Øyungen i mai. Oslo har utruleg mange fine perler å by på, berre ein klarer å finne dei!

Katta følger spent med på alt som skjer, og når skrivaren startar opp, må det sjølvsagt inspiserast!

Dorull-forbruket vårt har gått rett til himmels i det siste. Her ser du syndaren.

17, mai med knallvèr! Oslo leverer på nasjonaldagen i år også!

Ok, nok familiebilder for denne gong. Me snakkes!
-Solgt!
Takk for alt!

Gutten har ordna seg dame!!
What you see is what you get:

Se, der går en Zebra...
Bandet er Bluesøsken.
Gratulerer!!!

Sjekk denne!
Oppsummering
Først og fremst den herlege turen vår til Filippinene! Elise reiste ned to veker før påske for å ha praksis, og eg kom etter og feira påske der nede. Me hadde også ein lenge etterlengta honeymoon til Boracay i fem dagar. Her kjem nokre bilete:

Den flotte kona mi i full gang med å sjekke helsa til lokale ungar!

Min første kveld der nede. Litt prega av jetlag og varmesjokk, men i godt selskap med Ola og Sander (Olsen).

Herlige vesle Andrea kosar seg i armane til tante Elise.

Misjonærane slappar av på søndagen!

Hadde det ikkje så verst me heller...

Etter ei knapp veke reiste altså eg og Elise til Boracay. Dette var utsikten som møtte oss i hotellobbyen. Boracay er som eit lite Paradis på jord!!

Her er den ok frukosten me kunne nyte kvar dag. Hadde det bare vore slik i Sinsenveien 28! Jaja, hadde vel vore endå feitare då.

Me fekk oss 4 dykk kvar der nede også. Elise satte ny pers med å gå ned på 27 meters djup, og me koste oss stort!

Boracay leverer!

Ein av fire fine solnedgangar på Boracay, rett utafor hotellet vårt.
Så ein litt brå overgang, kanskje. På langfredag var me ute og såg på krossfestinga som er ein litt tvilsom tradisjon der nede. Heile greia var rimelig smaklaus, der fotografane frå heile verda stort sett styrte heile showet. Men dei korsfesta skal ha credit for at det ikkje var fake. Dei blei spikra skikkelig fast! Syke greier...

Det kostar å vere mann på Filippinene...

Denne typen ser jo unektelig litt skeptisk ut til å bli krossfesta, men han gjennomførte!

Ola sette pris på showet, og fekk seg også ein passande hatt for anledninga!

Ein må rekne med litt blod på langfredag der nede. Eg kom litt nære ein av dei som gjekk og piska seg, og fekk ein liten sleng av pisken. I tillegg var bilen vår prikkete av blod, og det var kleda mine og.

Smakfull bord-dekorering på buffè på eit hotell påskeaftan.

Sefo er blitt litt større, men er framleis like kosete. Eg, derimot, er lyserosa solbrent på heile kroppen.

Fekk også denne gongen tid til ein sykkeltur i områda utafor Manila saman med Darius og Ola. Steike varmt!!

Andrea blir glad for å sjå onkel!

Og ho er glad i å bade :)

Elise (ja, ho har kjøpt seg tennisskjørt!!) og eg skal satse hardt på tennis framover. Ola gav oss nokre tips som skal føre oss til Wimbledon.
Ja, det var alt for denne gong. Me hadde ei herleg påske, til tross for at me ikkje fekk nokre skiturar i påskefjellet, og etter det har eg hatt to fine helger i Kviteseid med vårpuss av bil og motorsykkel, tur til Kongsbergdam, og skikkeleg kvalitetstid med opphavet. Takk til Eirin og Ola for påska, og takk til mamma og pappa for to bra oppladingshelger før eksamensperioden sett inn for fullt!
Dagens anbefaling!
Dersom du har sansen for BigBang, må du sjekke denne linken: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/234082# (kanskje best å kopiere adressa...). Dette er eit opptak av petreSessions med det fantastiske bandet for ei tid sidan. Mykje snakking i begynnelsen, men deretter nesten ein time med rock&roll!! Dei har jo kome med ny plate denne veka, og denne konserten lovar bra! Det som er ekstra kult på denne konserten er at dei har med både Thomas Dybdahl og Lars Håvard Haugen (gitarhelten i Hellbillies), pluss dama til Øystein, Maria-et-eller-anna. Sjå og nyt. Bigbang er tilbake i godt gammalt slag!!!

Gratulere svigerfar!

Ha ein fin dag, svigers!!
Gratulere kjære kone!
Dette innlegget burde sjølvsagt vore lagt inn på fredag. Då hadde nemlig mi kjære Elise bursdag!! Ho fylte 26 år, men det blei ikkje særlig mykje feiring denne dagen. Elise sat nemlig på flyet til Manila heile dagen, og eg var i Marka på overnattingstur før fem-mila på laurdag. Me feira derimot med selskap her på onsdagskvelden, og middag og bowling på torsdagskvelden. Eg har desverre ikkje bilete av dette, fordi kameraet vårt har tatt kvelden. Men eg kan jo legge ut eit av den vakre kona mi likevel, sjølv om det ikkje er frå bursdagen.
Du er herlig, Elise, og blir bare bedre og bedre jo meir eg blir kjent med deg! Gratulere med dagen!
Katt i huset!



Litt mørk denne videoen, men viser iallefall kva som skjer kvar kveld når ho klikkar.
Mad Sunday, Isle of Man, TT
Ei lita øy i Storbritania er verdenskjent for ekstremt liberale trafikklovar, med andre ord fri fart over alt. Ein sundag kvart år blir det arrangert road racing på øya, for stort sett alle som vil. Det som er rått, er at trafikken ikkje blir stoppa av den grunn! Her kjører folk tett oppunder 300 km/t og risikerer å ta igjen bilar midt i ein sving! Hadde vore kult å være tilskuar ein gong, eller reist over og testa CBR'en litt. Her er det nest beste; ein video frå løpet i 2006. Ganske lang, men verdt det!!
Tre helger
Eg og Dag Erik reiste til Chris ei helg i midten av januar og satt i sofaen stort sett heile helga. Planen var å treffe eindel kjentfolk, men det blei heller til at me spilte Tiger Woods. Sånn er det, kjendisar dreg meir enn gamle vener.

Dag Erik og Chris i posisjonen me holdt oss til i 72 timar.

jada...

Ahh... Tiger....
Helga etter var eg og Elise på hytta i Rauland. Mamma og pappa var også med halve helga, og me fekk oss skiturar og ein herleg middag med biff på laurdagen. Fjellet er digg!

...faktisk så digg at eg reiste på hytta att helga etterpå. Då tok eg med bibelgruppa, som består av Anders, Jan Magnus, Mårten, Gisle og Olav (og meg), men Gisle ringte på fredagen og sa at han var i Marocco, så han rakk ikkje å bli med. Me hadde ei fin helg med avslapning, aking, ei vill bikkje og Buzz.

Konsentrasjon med Buzz.

Mårten i siget.

Anton likte seg svært godt på fjellet. Han sjekka opp nabobikkjene og var sjef heile helga. Dessutan klarte me å lære han å "gi labb"! -Konge!
Dette var ei lita oppdatering. Det har skjedd ein stor ting til i livet mitt, men det skal eg komme tilbake til seinare ;)
Rett og slett utruleg....
Anders inviterte Chris, Leif og meg på sjøfulgjakt på Jomfruland i november, og me hadde ei fantastisk helg! Her er eg og Anders på fredagen, før dei andre kom. Me har fått ein skarv og fire svartender på dette biletet. Det var ei herlig jakt, takk skal du ha Anders!!

Dette er frå ein flott dag (bitte vesle jolaftan) eg var på jakt heime på Brokefjell i vakre Kviteseid. Som du ser er det utruleg lite snø, men det kom eindel etterkvart. Her har eg fått mi fyrste rype, og var rimeleg stolt. Dette er også det fyrste viltet eg har felt med den nye hagla mi.

Dette er eit litt uklart og lite flatterande bilete frå formiddagen på jolaftan, då mamma servera årets beste graut, og Elise sjokkera og braut alle tradisjonar ved å ha ROSINER i jolegrauten!! Trass i dette klarte me å drukne dei vonde minna i pappas heimebrygga øl, og hadde ein fin jolaftan!

Dette og det neste biletet er frå ein nydeleg tur Pål Erik, Elise, Stein og eg hadde til Elsfjellet i romjula. Me fekk ein nydeleg solnedgang og mista nokre gram ribbefett. Ein flott tur for oss som var med, medan dei eldste Raunehaug guttane sjølvsagt heller ville ligge i sofaen og betrakte sin eigen kropp forfalle. Som vanleg...

Pål Erik, meg og Elise. Øygarden i bakgrunnen.

Her er eg og Dag Erik på tur på nyåret. Me hadde to fine dagar på Heivatn og Brokefjell, trass i ruskevær og total mangel på jaktlykke. Me trøsta oss med pølser og sjokolade i skogkanten. Livet i naturen er herlig!!

Etter to harde dagsmarsjar på tur, var det godt å kome inn på hytta til Kviteseid JFF om kvelden. Me fyra til temperaturen minna mest om den i ei badstue, og sovna til lyden av nattønsket på radioen. (kanskje dårleg gjort å publisere dette på web Dag Erik, men nå er me jo gift begge to...)
Takk for ein herleg tur!!
Etter dette drog eg og Chris til Rauland og hadde ei avslappingshelg på hytta. Sofasliting, DVD og 30 min skitur stod på programmet, og var ein heilt perfekt slutt på ein knall ferie!
No er eg tilbake i byen. Her er det grått og mildt, alle masar rundt utan grunn, og stresset kjem krypande. Men det er også utruleg mykje bra folk her! Gledar meg til neste tur på fjell og vidde!
Godt nytt år, alle sammen!!
Middels bra minner
Maskina fekk navnet "Berta", og troppssjefen gav meg navnet "Byggmester Bob". Finfint!

Eg vann!!!
Jadda!!! Endelig var det min tur!! Den 13. desember vann eg eit handkle i Kvitsundkalenderen! Gleder meg til å hente posten dei nærmaste dagane.... Besøk julekalenderen du og, på www.kvitsund.vgs.no så kanskje du stikk av med ein premie? På juleftan skal dei faktisk dele ut ein Ipod Nano!Glad i "Risk"?
Beklager!!
Nå er det fryktelig lenge sidan sist eg publiserte noko her på bloggen. Eg kan unnskylde meg med at eg er i eksamensdvale for tida, og at kabelen til kameraet mitt er borte.
Det har imidlertid skjedd mykje i det siste. Her er ei kjapp oppdatering:
Bursdag - 24 år og like blid
Jakt på Jomfruland med Anders, Leif og Chris
Kjøpt meg hagle
Clint treng reparasjon av girkassa for beskjedne 12 000 kroner
Chris har handla Accord
Hatt besøk av svigers
Hatt besøk av Elises svigers
Desse bileta er frå bursdagen min, då Elise overraska meg stort med billettar til Autofil-messa. Det var så kult!! Ein drøss av bilar og motorsyklar eg berre kan draume om! Ta turen neste år, om du har sjans, seier berre eg...
Skulle ønske ho hadde ein slik...

Shelby Cobra - heilt original!! Stort råare blir det ikkje! (sjekk cowboyhatten på hekken... -Heilt rektig, spør du meg!)

Ikkje mange lagar motorsyklar med V8-motor, men det gjer desse gutane!

Autofil har testa BMW M6, og nå skulle testbilen selgast... Gled deg til å sjå testen på tv!!


Har alltid likt Ford, sikkert fordi eg vaks opp i baksetet på både Taunus og Sierra. Skulle gjerne hatt denne, kan du sei...

Ok, nok for denne gong. God advent, og lykke til med eksamen til alle som skal ha det!
Sjekk dette!

Dersom du ikkje ser banneret, klikk på denne linken:
http://www.ownersbuy.no/?anbefaling=sv1is@yahoo.no
Snart vinter...
God vinter!! (Har du ikkje opera, kan du sjå filmen her)
Bilderush...
Her skal du få ei lita speed-oppdatering på den siste månaden.
Først vil eg gratulere Marius med ekteskapet. Her beviser han at det gamle gitartrikset fortsatt funkar...

Så var Eirin, Ola og Andrea ein tur i byen, og då var det tid for litt niese-onkel-bonding:

"Hjelp, hjelp, sett meg ned!!!"
Nå i helga har eg vore heime på jakt. Her kjem nokre bilete frå det:

Jaktlaget samla rundt bålet

Resultatet av jakta på sundag, ein halvtanna-åring på knappe 100 kg...

Her er den udugelege men svært vennlege elgbikkja Raja.

Til slutt eit bilete av pappa som bearbeidar kjøttet frå forrige helg. Litt skeptisk til å bruke Gilde-kassa med tanke på e-coli, men om du tør, må du gjerne komme på elge-taco i løpet av hausten!!
